Osterøy

Hotellet like ved Bergen


Kurs & Konferanse, overnatting og selskap.

FjordSlottet ligg majestetisk til rette i fjordbygda Fotlandsvåg på Osterøy med utsikt utover Osterfjorden. Hotellet er omkransa av grøne åsar og fjell og er like ved både sjø og vatn.

Hovudhuset kan daterast tilbake til 1850 då Bergenskjøpmannen Carl J. Hambro bygde herregården i samband med grunnlegginga av bomullspinneriet. Anlegget framstår i dag som eit "moderne" og tidsmessig hotellanlegg, men i god, gammaldags "herregårds" stil med sjela i herskapshuset intakt. Her er det tid for ro og ettertanke, men samstundes også å oppleva eventyrlege Osterøy med sitt mangfald av natur og kultur opplevingar.

Den Gode Opplevinga


Stil, stemning og lun atmosfære...

FjordSlottets historie
Herskapshusetvart opprinneleg bygt som privatbustad for Bergenskjøpmannen Carl Joacim Hambro i 1852. Hambro starta Fotlandsvåg Bomuldspinnerie. Det store herskapshuset vart teikna av seinare stadskonduktør i Christiania, G. A. Bull som var bror til den verdskjente fiolinisten Ole Bull.

I 1997 vart hovudhuset fullstendig restaurert og utvida med kurs- og selskapslokale. Samstundes vart det bygt 2 nye gjesteromshus. Herregårdshotellet framstår med særpreg, god standard og historisk atmosfære. Sjela i hovedhuset er teken vare på. Her er det tid for ro og ettertanke, men samstundes høve til å oppleva Osterøy med sitt mangfald av natur- og kulturopplevingar .



Send e-post
Besøk Fjordslottes hjemmeside




Osterøy.com © 2006 **